Gloppen ungdomsskule
Gota 10
6823 SANDANE
Tlf: 57 88 39 50
Fax: 57 88 39 51
E-post



Kontaktskjema

Konto for hjelp til Haiti
3705.15.29007


      

Nytt

Trafikktryggleik ved skuleområdet

Vi ber om at elevane ikkje blir køyrde til skuledøra. Det er ein svært uoversiktleg situasjon i skuleområdet, spesielt om morgonen, som lett kan føre til ulukker. Dette vil betre seg dersom de set av elevane nede ved hovudvegen.
20.01.12 kl. 13:38

foreldremøte 10.klasse 31.januar,

ikkje 24.januar som tidlegare annonsert på kalenderen. Det blir orientering om tilbod og søknad til vidaregåande skule og eksamen, med meir.
17.01.12 kl. 21:30

Tusen takk til Veidekke avd. Sandane og Byggopp!

Måndag 9.januar var ein litt annleis dag for 23 tiendeklassingar. Veidekke hadde invitert interesserte 10.klassingar til omvising i den nye idrettshallen som er under bygging.
Les meir »   10.01.12 kl. 22:42

Tusen takk til FAU for flott blomsterhelsing!

Dette blir sett stor pris på i personalet. Elevane er no inne i dei siste vekene før karakteroppgjer. Neste veke er det tentamen i matematikk for 8. og 10.klasse. Den 20.januar får elevane karakterane for denne terminen med seg heim.
06.01.12 kl. 14:59

Godt nyttår

til alle heimane! Vi håpar at elevane våre har hatt ein fin juleferie, og er klar for eit godt arbeidsår frå tysdag 3.januar.
01.01.12 kl. 13:25

God jul!

Vi ynskjer elevane og heimane ei GOD JUL, og alt det beste for det nye året. Nyt fridagane, og ta godt vare på kvarandre!
21.12.11 kl. 14:53

tusen takk!

...til alle involverte elevar, tilsette og foreldre som jobba hardt for å få til eit svært vellukka juleball! Dette vart som vanleg eit av høgdepunkta i skuleåret, som vi trygt kan vere stolte av. Vi håpar at alle elevane hadde ein flott kveld!
17.12.11 kl. 02:26

Vi førebur oss til juleball

Tiandeklassingane sine dagar er no sterkt prega av førebuingar til juleballet med øvingar og komitémøte kvar ledig stund. Travelt både for elevar og tilsette, sjølvsagt, men framfor alt gleder vi oss til å vise fram resultatet av innsatsen.
Les meir »   12.12.11 kl. 10:25

10.klasse i full gang med juleball

I går hadde 10.klasse startskot for øving til juleball.Vanleg timeplan er lagt bort, og elevane jobbar intensivt med drama,musikk,dans,scene,PR,sminke... Parallellt med dette jobbar dei med eit språkleg emne i norsk, og førebuing til matematikk-tentamen.
06.12.11 kl. 10:05

RSS

Skuleruta 2011-2012

Skuleruta for neste skuleår, 2011-2012, finn ein her.






Abonner på nytt

No kan du få e-post når det er noko nytt på heimesida vår!

Her kan du melde deg på. (Og melde deg av like enkelt!)
Epost-adressa di: