Gloppen ungdomsskule
Gota 10
6823 SANDANE
Tlf: 57 88 39 50
E-post

 




Kontaktskjema

Kontonummer for solidaritetsskulane våre:
Collège Adventiste, Haiti: 3705.15.29007  
Farao village, Zambia: 3705.23.06664
3705.23.0666437052306664 3705.23.06664   


      

Nytt

Stort frammøte på foreldremøtet måndag

Det møtte ca 150 føresette til foreldremøtet om digital mobbing måndag kveld. Det vart sett søkjelys på korleis vaksne og elevar kan bekjempe digital mobbing. "Bruk Hue", ein skuleturnè som er eit samarbeid mellom Telenor, Røde Kors, Barnevakten og Medietilsynet hadde framsyning, også for elevane på dagtid. Innhaldet var tankevekkande både for vaksne og elevar. Vi fekk sjå kva digital mobbing er, kva som kan skape mobbesituasjonar, og kva for psykiske og juridiske konsekvensar digital mobbing kan føre til. Mange elevar sa at dei hadde lært mykje, og det var tydeleg at Ole Vestøy sin måte å kommunisere temaet på gjekk rett "heim" hos dei. Takk også til Anders Skjelbred, teknisk ansvarleg for framsyninga!
Les meir »   29.09.2014

IMG_9924.JPG

Vi feira kommunestyrevedtaket fredag

I dag har vi hatt besøk av pensjonistane ved GU. Dei stiller opp siste fredag kvar månad og tek ansvar for å lage vafler til lunsjen. Dette skapar mykje liv på personalrommet, og er eit viktig sosialt tiltak som vi set stor pris på! I dag hadde vi ekstra grunn til å feire, sidan kommunestyret vedtok tilleggsløyvinga til nybygget. På slutten av dagen samla vi alle elevane i GU-salen. Dei fekk ein kort gjennomgang av teikningane og byggjeplanar. Deretter avslutta vi skuledagen med is til alle.
26.09.2014

IMG_3519.jpg

Gardsbesøk og hjortejakt.

8.klasse har gjort unna to av tre gardsbesøk denne veka. Dei har teke del i ein bonde sin arbeidsdag, hjelpt til, og fått sett seg meir inn i kva bondeyrket går ut på. Elevar i valfag fysisk aktivitet og helse var i går kveld og natt på hjortejakt i Breim. Dei deltok på jag. To dyr vart skotne, og elevane var med på slakting av desse. Tusen takk til Knut Førde som tek med seg elevane år etter år! Han stiller opp som medhjelpar/instruktør og ordnar med grilling, ved, overnatting m.m. heilt vederlagsfritt. De kan lese rapporten hans her:
Les meir »   19.09.2014

IMG_4588.JPG

Flotte Karnilsdagar

I veke 38 var 9.klasse i Karnils for å hauste det dei sådde i vår. Dei laga pinnebrød som dei steikte på gruva, og suppe av grønsakene. Lærarane i Mat og helse, kontaktlærarar og Olav Søreide var med. Bortsett frå måndag var elevane heldige med med utedagane. Det var nydeleg haustvèr for uteundervisning.
15.09.2014

foreldremøte for 8.klasse

Onsdag 10.sept.kl 1930 blir det foreldremøte for 8.klasse. Alle samlast i GU-salen for felles informasjon. Deretter blir det samling på basisklasseromma.
10.09.2014

Første elevkvelden i år, 11.september

10 c arrangerer elevkveld. Det blir dans, speling, kiosk, kåringar bl.a. Inngang kr.35,-. Buss til Breim kl 2245.
10.09.2014

Helsesøster

Britt Elin Lothe Fjellestad har kontortid på skulen kvar måndag kl.0830-1100. Helsesøster skal drive helsefremjande og førebyggande arbeid. Elevane er velkomne til å ta kontakt med henne dersom dei treng råd og rettleiing.
05.09.2014

Klede som heng att

er eit stort problem. Kvart år legg elevane att haugevis med dyre, nye klede som vi ikkje finn eigar til. Vi ber om at de merkjer spesielt ytter- og treningsklede godt, slik at vi kan ordne opp i dette.
05.09.2014

Fjelldag fredag

8.klasse: Rauset, Hestedalen, Hestenesstøylen 9.klasse: Gimmestadstøylen, Breidalen 10.klasse: Ryssdalsstøylen, Ryssdalshornet. Dette vart lagt ut på kalenderen, men eg gløymde å legge det på framsida. Eg beklagar dette, men håpar elevane har ein flott dag likevel...
05.09.2014

RSS

Skuleruta for 2014-2015


Sjå også kalenderen.




Abonner på nytt

No kan du få e-post når det er noko nytt på heimesida vår!

Her kan du melde deg på. (Og melde deg av like enkelt!)
Epost-adressa di: